Pilegrimsvandringar i august


I Øvre Telemark prosti kan du vere med på fleire pilegrimsvandringar i august. Det er opent for alle og låg terskel for å vere med. Du kan vere ein erfaren pilegrim, eller vere med for fyrste gong. 

Prostidiakon, Eilev Erikstein, leiar pilegrimsvandringane og har lang erfaring med dette. 

"Å vandre med Håp"  26.-28. august. 

 "Pilegrim for ein dag" 30. august. 

 

VELKOMNE TIL Å VANDRE MED HÅP 2025

Neste tysdag, 26. august er det start. I år gjer me ein liten vri. Me møtest på Fjellstad ( bilde) i Vågslid kl. 10.30 ( merk tida). Fjellstad ligg en 17-18 minutt etter Haukeli.

Det er valår i år, så me starar med politisk ordskifte med representantar frå dei fleste politiske parti i Telemark. Debatten er i samarbeid med Vest-Telemark Blad, redaktørar Øystein Øygarden leiar samtala, og ho strøymast. Tema vil handle om kva politikarane tenker om psykisk helse.

Etter politikarmøtet reiser me opp til Prestegård, og tek til å gå. Etter vandringa møter ein buss oss ved Ulevå, og køyrer oss til Fjellstad, der me et middag. 13-14 kilometer å gå denne dagen. Høve til overnatting på Fjellstad og i Skisenteret i Vågslid.

Onsdag 27. august start frå Ulevå kl. 10. Denne dagen går me til Dyrskar. ‘

Torsdag 28. august start ved Svandalsflona kring kl. 10. Framme i Røldal, 12 kilometer, mellom kl. 15-16. Middag på Skysstasjonen.

Gler meg til gode dagar på fjellet.

Eilev Erikstein, prostidiakon (91113580)


PILEGRIM FOR EIN DAG

Har du drøymd om å kome til pilegrimskyrkja i Røldal, men enno ikkje fått høve? No let det seg gjere.

Laurdag 30.august 2025 arrangerer Øvre Telemark prosti i samarbeid frå Agder og Telemark bispedøme ei vandring frå Svandalsflona til Røldal kyrkje.

I Røldal tek kyrkjelyden imot oss med ei pilegrimsmesse leia av sokneprest Bengt Staffan Arvidsson.

Turen er på 13 kilometer, en del nedoverbakke, noko opp, før ein igjen tippar ned mot pilegrimsbygda Røldal, og kyrkja med det sveittande krusifikset.

PROGRAM: Start frå Svandalsflona kl. 10.30 Framme til gudsteneste i Røldal kl. 17

Inga påmelding. Det er bare å møte opp ved Svandalsflona.

Ta med mat og kaffi.

ARRANGØR: Øvre Telemark prosti med støtte frå Agder og Telemark bispedøme. Eilev Erikstein, prostidiakon, mobil: 91113580 Asger Sele, prost, mobil: 41566043

 

Tilbake