Diakonisamling for Vest- Telemark i Vinje-huset


DIAKONIPRISEN FOR 2025 TIL PER EMANUELSEN

Under ei godt besøkt Diakonisamling for Vest- Telemark i Vinje-huset sundag kveld( 27.04.25) vart Per Emanuelsen (72) heidra.

 

Kristiansandaren Per Emanuelsen kom til Vest-Telemark i 1985 for å bygge opp landets fyrste prostidiakonstilling. Kyrkjefolka i Vest- Telemark skjøna at ein kvar for seg var for små, men gjennom samarbeid og solidaritet kunne ein få til ei fagstilling på eit viktig arbeidsområde i kyrkja.

Etter seks år i Vest- Telemark bygde han opp likande stillingar i Otredalen prosti   og jammen  rakk han nokre år i Aust-Nednes prosti, også.

Han blei ein diakon på hjul, sa styreleiar for Prostidiakonatet i Vest- Telemark Gunnar Øverland ved utdelinga; « ein diakon som var på farten, som nytta tida til å bygge relasjonar ved å  stikke innom, dukke opp og møte folk. Møtte folk der dei var, på dei naturlege møtestadene i bygdene. Ved eit 40- års jubileet kan ein glede seg over at det vart ei stilling den gongen. Det heldt  hardt mange gonger. Per skal ha ros for at han aldri gav opp.»

Vest- Telemark modellen i diakoni har vore modell for  likande slike stillingar. I Søndre-Follo prosti, Ringsaker prosti, Karmøy prosti og Stavanger domprosti.

Dette var 22 gong Diakoniprisen for Vest- Telemark vart delt ut.

Bildetekst: Den første prostidiakonen  Per Emanuelsen ( til høgre) kom for å halde festtale, men blei også heidra med Diakoniprisen. Her får han den av styreleiar i Diakonatet Gunnar Øverland.

Tilbake